SVANØYLAKS

like spesiell som staden den kjem frå

Delikat, einerrøykt laks av superior kvalitet frå Vestlandet

Her på Svanøy er vi heldige. Her kan vi hente, høste og sanke det vi treng av råvarer rett utanfor døra vår når vi skal røyke den beste laksen. Laksen kjem i hovudsak frå familiebedrifta Marø Havbruk, samt andre lokale oppdrettarar som sikrar topp kvalitet på produkta våre.

Les meir om prosessen her

Svanøylaks – Eit autentisk håndverksprodukt

Er du nysgjerrig på korleis vi arbeider for å få fram dei beste smakane? I moderne lokaler på Svanøy vert laksen varsamt tørrsalta, røykt, skjært og pakka for hånd – eit ekte håndverksprodukt laga på gamlemåten. Vi haustar frå naturen og lagar våre eigne marinadar for tilberedning av variantane våre av kald- og varmrøykt laks. Slik kan vi by på eit utval av produkt med særeigne og unike smakar.

Finn din favoritt her

Finn ut kor du kan kjøpe laks frå Svanøy

Svanøy Røykeri – Ei familiebedrift der kunnskap går i arv

På Svanøy har vi lange tradisjonar med å ta godt imot tilreisande, og vi er så heldige at programmet Smakslandet har teke turen til oss på Svanøy fleire gonger, og dei har tatt oss med i to episodar. Kokk og programleiar Oda Smeby Christiansen har blant anna prøvd ut nokon av våre fantatiske råvarer.

«Eit produkt kor du verkeleg kjenner kjærleiken til laksen»

Smakslandet S3 • Episode 1: Sjå episoden her
Smakslandet S4 • Episode 3: Sjå episoden her

Velkomen til ein triveleg handel

Anten du ynskjer å kose deg med ein bit skikkelig god røykelaks levert i postkassa, eller har ei større bestilling til bryllaup, konfirmasjon, eller som gåve til dei ansatte i bedrifta di, så er vi glade for å hjelpe! Vi er på røykeriet kvar vekedag året igjennom, så det er bare å ta kontakt, anten på mail, telefon, eller via nettbutikken vår. Vi har lang erfaring og kan hjelpe med det meste. Velkomen!