Gåvetips og Laksogram

Røykelaks passer i alle høve, både til kvardag og fest. Kvifor ikkje sende ei side eller nokre bitar med skikkelig god røykelaks i gåve? Alle treng god mat. Bestille kan du gjere inne på vår nettbutikk, maile oss eller du kan ringe. Så skal vi ha laksen klar når du vil ha den! Vi kan også legge ved et laksogram, med ei helsing frå deg eller di bedrift i eska. Eller vi kan legge ved bedriftenes eigne kort. (må sendes oss i forkant).

Laksogram kan sendast enten du er privatperson eller bedrift. Du forfattar helsing, vi printer den ut på våre eksklusive laksogramkort og legg saman med laksen som vert sendt direkte til mottakar frå oss. Vi nytter Posten Bring sine pakkar ”Dør-dør”, ”På døren” eller ”Ekspress over natt”. Dei vert alle levert direkte på døra til mottakar, noko som gir rask og sikker levering av kjølevare.