RØYKELAKS PAI

Bunn:

125 g smør
200 g kveitemjøl
2 ss vatn

Fyll:
300 g røykelaks
1 stor løk
2 fedd kvitløk
4 egg
2 dl fløyte
30 g blåmuggost
100 g kvitost
Pepar

Smuldre smør og mjøl, tilsett vatn og jobb saman ei jevn deig. Trykk den ut i ei smurt paiform og forsteik bunnen ved 200 C i ca 15 min. Steik løk og kvitløk gyllen, fordel dette samman med laksen  utover i paibunnen. Pisk sammen egg, fløyte og pepper og hell over. Strø på ost og fordel små biter av blåmuggosten på toppen. Steik videre ved 180 C i ca. 20 min. til fyllet er stivna.