Om oss

Svanøylaks er eit produkt der vi berre brukar laks av superior kvalitet.
Laksen kjem i hovudsak frå familiebedrifta Marø Havbruk på Svanøy, samt andre lokale opprettarar som sikrar topp kvalitet på produkta våre.
I moderne lokaler på Svanøy vert det produsert ekte handverksprodukt på gamlemåten.
Fisken vert tørrsalta og røykt med friske einer frå skogen på Svanøy og spon frå det lokale båtbyggeriet. Her ute driv vi i eitt med naturen og er prisgitt vær og vind, noko som er med på å prege vårt unike produkt. Du kjenner det på både konsistens og smak!

Svanøylaks er like spesiell som staden den kjem frå.

Kaldrøykt Svanøylaks:
Her kan ein velje mellom tradisjonell røykelaks, eller laks marinert med ulike smakar.
Her på Svanøy er vi heldige som har både pors og ramsløk viltveksande på øya.
Vi haustar frå naturen og lagar våre eigne marinadar som vi tilset laksen. Det gjev produkta ein særeigen og unik smak.

For meir informasjon og kjøp av kaldrøykt laks, trykk her.

Varmrøykt Svanøylaks: Vårt nye produkt!
Laksen blir varmebehandla og røykt i eit eigenkonstruert varmeskap, der tid og temperatur er avgjerande for den saftige og gode konsistensen.
Her finn du smakane naturell, krydder og ramsløk.

For meir informasjon og kjøp av varmrøykt laks, trykk her.

Gravlaks:
Laksen blir grava på tradisjonelt vis med salt, sukker, kvit pepar og dill som gjev deg ein klassisk og velsmakande gravlaks.

For meir informasjon og kjøp av gravlaks, trykk her.