
SVANØYLAKS
like spesiell som staden den kjem frå
Frå pause til sesongdrift…
I april 2024 publiserte vi nyheita om at vi avvikla delar av drifta i Svanøy Røykeri AS (sjå Facebook-innlegget frå 5. april). I juni same år sende vi ut dei siste leveransane til daglegvarehandelen, og nettbutikken vart lagd ned. Det var dermed ikkje lenger mogleg å bestille Svanøylaks året rundt.
Etter utruleg mange fine, varmande og gode tilbakemeldingar gjennomførte vi ein liten juleproduksjon same året – ein produksjon som verkeleg gav meirsmak!
Vi bestemte oss derfor for å satse på sesongproduksjonar i 2025. Dette har fungert veldig fint! Både for oss og, tilsynelatande, for kundane våre.
Inntil vidare held vi derfor fram med faste produksjonar til påske, 17. mai og jul. Innimellom har vi også produksjonar utanom sesongane, så dersom laksebehovet melder seg, er det berre å ta kontakt! Kanskje kan vi hjelpe deg likevel, men vi kan ikkje garantere like raske leveransar som tidlegare utanom sesongane.
Følg oss gjerne på facebook for ujamlege oppdateringar, eller ta kontakt dersom du ønskjer å stå på e-postlista vår og få informasjon om komande sesongproduksjonar.
Delikat, einerrøykt laks av superior kvalitet frå Vestlandet
Her på Svanøy er vi heldige. Her kan vi hente, høste og sanke det vi treng av råvarer rett utanfor døra vår når vi skal røyke den beste laksen. Laksen kjem i hovudsak frå familiebedrifta Marø Havbruk, samt andre lokale oppdrettarar som sikrar topp kvalitet på produkta våre.

Svanøylaks – Eit autentisk håndverksprodukt
Er du nysgjerrig på korleis vi arbeider for å få fram dei beste smakane? I moderne lokaler på Svanøy vert laksen varsamt tørrsalta, røykt, skjært og pakka for hånd – eit ekte håndverksprodukt laga på gamlemåten. Vi haustar frå naturen og lagar våre eigne marinadar for tilberedning av variantane våre av kald- og varmrøykt laks. Slik kan vi by på eit utval av produkt med særeigne og unike smakar.

Svanøy Røykeri – Ei familiebedrift der kunnskap går i arv
På Svanøy har vi lange tradisjonar med å ta godt imot tilreisande, og vi er så heldige at programmet Smakslandet har teke turen til oss på Svanøy fleire gonger, og dei har tatt oss med i to episodar. Kokk og programleiar Oda Smeby Christiansen har blant anna prøvd ut nokon av våre fantatiske råvarer.
«Eit produkt kor du verkeleg kjenner kjærleiken til laksen»
Smakslandet S3 • Episode 1: Sjå episoden her
Smakslandet S4 • Episode 3: Sjå episoden her

Velkomen til ein triveleg handel
Anten du ynskjer å kose deg med ein bit skikkelig god røykelaks levert i postkassa, eller har ei større bestilling til bryllaup, konfirmasjon, eller som gåve til dei ansatte i bedrifta di, så er vi glade for å hjelpe! Vi er på røykeriet kvar vekedag året igjennom, så det er bare å ta kontakt, anten på mail, telefon, eller via nettbutikken vår. Vi har lang erfaring og kan hjelpe med det meste. Velkomen!
