Gi ei gåve som gledar

God røykelaks høyrer jula til, og med Svanøylaks som gåve er de garantert eit lokalprodusert håndverksprodukt av høgaste kvalitet, som gjer stas både på mottakar og gjevar.

Som bedriftskunde hos Svanøy Røykeri får de i tillegg personleg service frå ei lokal bedrift som har lang erfaring med store og små leveringar over heile landet, til avtalt tid og stad. I år har vi også lagt ekstra vekt på å gjere det kjapt og enkelt å velge og å bestille bedriftsgåvene i ein travel arbeidskvardag, med eit ryddig gåveutval, oversikteleg prising, og bestilling direkte i nettbutikk.