Med dei beste råvarene rett utanfor døra

Bli betre kjend med

oss og våre unike produkt

På Svanøy har vi laksen svømmande berre nokon steinkast unna produksjonslokalet.

Laksen vi brukar i produksjon er av topp kvalitet og kjem i all hovudsak frå familiebedrifta Marø Havbruk på Svanøy, samt andre lokale oppdrettarar. Vi kan plukke einer frå skogen til røyking, og vi hentar spon og sagflis til røyking hos det lokale båtbyggeriet her på Svanøy. Her ute driv vi i eitt med naturen og er prisgitt vær og vind. Noko som er med på å prege vårt unike produkt. Du kjenner det på både konsistens og smak. Bli betre kjend med oss!

Hos oss blir all laks tilberedt for hand på gamle måten. Fyst blir fisken tørrsalta, deretter tenn vi opp eit godt gammaldags bål for å gje fisken den rette røyksmaken. Produksjonslokala våre er sjølvsagt moderne, men det skulle ein ikkje tru på den tradisjonsrike smaken. Oppskrifta er god tålmod slik at smaken på røykelaksen blir som den skal vere. Les meir om prosessen her.

For oss er det viktig at fisken får god tid på seg til å modne, slik at den utviklar rett konsistens og smak. Produksjonstida på laksen vår kan difor ta både 1 og 2 veker før vi er nøgd med resultatet. Sjølv om metoden er tradisjonell likar vi å eksperimentere med nye smakar. For oss er det viktig at det er menneske som tilbereder laksen, ikkje maskiner.

Bli inspirert av våre oppskrifter her.

«Kvar laks blir marinert
for hand og pakka
med ein god dose kjærleik».

Generasjonar med erfaring og tradisjon

Svanøy røykeri er eit familiedrive selskap som blei oppretta i 1992. Vi held til på Svanøy der vi lagar den særeigne Svanøylaksen.

Vi har stor stoltheit for faget og råvarene vi produserar og bearbeidar. Vi brukar hovudsakleg laks frå Marø Havbruk. Til Røyking bruker vi flis frå det lokale båtbyggeriet, og dei fleste smaks-tilsetningene som for eksempel Ramsløk og Pors plukker vi i naturen rundt om på øya.

Kortreist kvalitetsmat med andre ord!

Vi bryr oss

Viste du at når du kjøper Svanøy Røykeri sin Lakseburgar, så er du med på å redusere matsvinn?

Av og til hender det at fisk som kjem inn til slakting blir kutta feil eller at den får ein skade som gjer at ein ikkje kan bruke fisken til det formålet den var tenkt. Svanøy Røykeri har ein avtale med Slakteriet om at ein får hente tilbake denne fisken. Denne fisken brukar vi til å lage fantastisk gode lakseburgara! Dette er ein av tiltaka som vi har forplikta oss til gjennom ein signert avtale med Landbruk og matdepartementet. Vi bryr oss, vi tek berekraft på alvor.

Og lakseburgarane, dei finn du i nettbutikken her!