Opplev Svanøy
Ein heilt spesiell stad ute i havgapet
Sunnfjords perle
Lengst sør i Kinn kommune ved innløpet til Førdefjorden, ligg øya Svanøy. Frodig, vakker, skogkledd og omgitt av hav – ikkje rart den er kjent som Sunnfjords perle.
Med nydeleg sandstrand, badeaktiviteter, flotte turløyper og eit rikt kunst- og kulturliv, er øya ein fantastisk plass å besøke både for store og små.
I sommersesongen er butikken og kroa open til langt utpå kveld, og du kan nyte deilig lokalprodusert mat på den solrike uteserveringa. Når magen er fylt på, kan du leie sykkel og oppleve den spennende øya.
For å komme deg dit, kan du ta eigen båt eller rutebåt frå Florø. Med andre ord er Svanøy heilt innen rekkevidde, trass si plassering ute i havgapet.
Historiske Svanøy
Like fullt som øya er vakker og grøn, bær den òg ei spennande historie frå tida som adels- og futsete.
Svanøy har i over tusen år vore hovedsete for rike og mektige menn, kor det starta med vikingkongen Eirik Blodøks på 900-tallet. Han hadde store delar av sin oppvekst på Svanøy, før han blei sendt ut på tokt og plyndring.
Etter reformasjonen blei Svanøygodset kongegods og adelsgard. I 1804 kjøpte Hans Nielsen Hauge gården, og den blei base for haugianerne på Vestlandet. Den herskapelige hovedgården har i dag vore freda i snart 100 år. Du kan lese enda meir på svanoy.no
Eit yrande næringsliv
Svanøy har gjennom tidene hatt et yrende næringsliv og viktig drift innen ulike virksomheter.
Fra jordbruk og gruvedrift, til reiseliv-, handels- og serveringsverksemd, fiske og fangst. Med tida har øya fått nytt vassverk og nye vegar, samt mange nye aktivitetar og møteplassar for born og vaksne.
I dag er havbruk, produksjon av oppdrettslaks og røykeri stor næring på Svanøy. Les meir om oss her.