Laksetartar

Har du aldri prøvd tartar før? Dette er ein perfekt moglegheit til å prøve ein forrett til 4 personar.

Du treng:

220 g fersk laks
100 g cognacmarinert røykelaks
¼ rødløk- finhakka
Grasløk
Olivenolje
Lime
Salt og pepper
1 avocado

Slik gjer du det:

Finkutt all laksen i små terningar. Bland i finhakka rødløk og gressløk. Smak til med olje, lime, salt og pepper. Steik avocadoen raskt i varm panne. Server gjerne saman med litt sprø salat og evt butterdeigsstenger eller grissini.