Sommarsalat med røykelaks
Røykelaks er godt i salater både sommar og vinter! Her kan innholdet variere mykje, men ein god røykelaks er eit godt utgangspunkt.
Du treng:
300 g røykelaks
Egg
Asparges, sukkererter, rødbeter, paprika og blanda salat etter eige ønske.
Parmesan i skiver
Pinjekjerner eller valnøtter
Lime, olivenolje, salt og pepper
Slik gjer du det:
Skjær laksen i tynne skiver og legg på tallerken. Bruk gjerne pors, krydder eller kvitløksmarinert. Bland salat og garnityr etter eige ønske. Asparges bør forvelles i kokande saltvann i ca 1 min. Rødbetane kan ein høvle i tynne skiver med ein aspargesskreller eller ostehøvel, sukkererter finsnittast. Skvis over en halv lime og litt god olivenolje, salt og pepper. Bland samman og dander oppå røykelaksen. Del opp dei smilande egga og legg på toppen sammen med høvla parmesan. Dryss over pinjekjerner til slutt.